Gå til sidens hovedinnhold

Rekordsterk UV-stråling

Artikkelen er over 3 år gammel

HELSE: Det har aldri før blitt målt så mykje UV-stråling i mai månad som i år. Måndag og tysdag er det meldt om framleis sterk stråling.

Det er ikkje hol i ozonlaget, men mykje sol som har sørga for at det no er høg førekomst av UV-strålar, ifølgje NRK.

– Det har aldri før blitt målt så mykje UV-stråling for mai månad. Dette gjeld for heile Sør-Noreg og opp til Trøndelag, seier Lill Tove Nilsen, forskar på UV-stråling, ved Statens strålevern.

Sola skin vidare, og dermed held også strålinga fram. Varselet på Yr.no er sterk eller svært høg stråling i det meste av Sør-Noreg. Onsdag betrar det seg noko, men det er likevel all grunn til å smørje eller dekke seg til. Ein siesta i skuggen midt på dagen kan også gjere susen, særleg for barna.

Les også

Vangsnes varmast i fylket – og i natt kan det bli tropenatt

 

– Små barn har tynn hud og dermed eit stort behov for å beskytte huda skikkeleg, seier seksjonsoverlege Hallvard Reigstad ved barneavdelinga på Haukeland universitetssjukehus til kanalen.

Han seier situasjonen blir opplevd som ekstrem. Barn som blir utsett for sterkt sollys kan få solskadar på lang sikt.

– Mykje tyder på at både total eksponering for kraftig sollys og mange solskadar fører til hudkreft, seier han.

Les også

Klar for eit bad? Vi har sjekka badetemperaturar: – Nett som i Syden!

(©NPK)

Kommentarer til denne saken