Fekk storkveite på stong, kjempa i timesvis

MINNERIKT: Den tyske turisten fekk eit minne for livet då han fekk denne kveita på stong vest for Målsnes i Balestrand kommune. (Foto: Privat).

MINNERIKT: Den tyske turisten fekk eit minne for livet då han fekk denne kveita på stong vest for Målsnes i Balestrand kommune. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 2 år gammel

FISKE OG FRITID: Ein tysk turist fekk fredag ettermiddag ei kveite på om lag 100 kilo ved Målsnes i Balestrand kommune.

DEL

– Dette vart ein minne for livet for både meg og fiskaren, seier Åge Nesheim, som saman med Sølvi Eraker driv Kallestad hytter om lag 6 kilometer frå Balestrand sentrum mot Høyanger.

Nesheim fortel at den tyske turisten fekk storfangsten på fiskestong rett på vestsida av Målsnes på det som var tyskarens siste feriedag i Balestrand dette året.

Kveita var om lag 190 centimeter lang, og veg truleg mellom 90 og 100 kg.

– Frå kveita tok pilken gjekk det mellom tre og fire timar før han fekk ho på land. Han greidde ikkje å få ho opp i båten, så han slepa ho etter seg heile vegen til land, berre etter fiskesnøret, fortel Nesheim.
(Artikkelen held fram under biletet)

ATTRAKSJON: Mange møtte opp for å studere den store fisken. (Foto: Privat)

ATTRAKSJON: Mange møtte opp for å studere den store fisken. (Foto: Privat)

Også tidlegare har Nesheims hyttegjestar fått store kveiter, men ingen så store som denne.

Sidan den tyske turisten ikkje kan ta med seg ein så stor fisk heim att, vart mellom anna Kviknes hotell i Balestrand kontakta med spørsmål om dei ville kjøpe ho.

– Men dei på hotellet var ikkje interesserte, sidan dei tykte at kveita var for stor. Om den manglande interessa skuldast at dei tykkjer at ho er for grov i fiskekjøtet, eller om det skuldast andre tilhøve med ei så stor kveite, det veit eg ikkje.
(Artikkelen held fram under biletet)

No skal Nesheim sjølv ta hand om storfangsten.

– I går var eg til fjells med traktoren for å hente snø slik at eg fekk kjøle kveita ned. No skal eg partere ho i høvelege bitar og fryse ho ned. Det vert litt av ein jobb med slikt eit fæla «troll» av ein fisk, men det er klart at ho skal kome til nytte, avsluttar Nesheim.

Fakta om kveite:

Kveita, Hippoglossus hippoglossus, er den største av flyndrefiskane, og Norges største beinfisk.

Ho gyt på Egga; skråningen frå kontinentalsokkelen ned mot djupet i norskehavet, og på djupt vatn i fjordane.

Hofisken er størst, og kan bli nærare 4 meter lang og vege godt over 300 kg.

Hanfisken vert sjeldan større enn 1,3 - 1,4 meter lang, med ei vekt på mellom 30 og 40 kilo.

Det har blitt fanga hankveiter på  1,75 meter og vekt på om lag 60 kg, men det er veldig sjeldan at hanfiskane vert så store.

Kjelde: Store norske leksikon

Artikkeltags