Sognefjellet framleis stengt – ny vurdering torsdag ettermiddag

Uvêr stengjer fjellovergangen.

DEL

Vegtrafikksentralen melder onsdag kveld at uvêr stengjer fv. 55 over Sognefjellet.

Stenginga gjeld frå 19.00, og vil gjelde natta gjennom.

Det blir vidare meldt at vegen tidlegast blir opna torsdag klokka 08.00. Då vil det bli gjort ny vurdering av vegen.

Torsdag morgon klokka 07. 35 melder Vegtrafikksentralen at vegen ikkje blir opna torsdag morgon.

Det blir gjort ei ny vurdering klokka 14.00 torsdag ettermiddag.

Artikkeltags