Fredag opnar Sognefjellet og Gaularfjellet, men du kan ikkje nyte påskesola for lenge

OPNAR FREDAG: I årets påske kan du komme deg på Sognefjellet med bil. Fylkesveg 55 opnar rekordtidleg på grunn av lite snø i fjellet.

OPNAR FREDAG: I årets påske kan du komme deg på Sognefjellet med bil. Fylkesveg 55 opnar rekordtidleg på grunn av lite snø i fjellet. Foto:

På grunn av lite snø blir fylkesveg 55 over Sognefjellet og fylkesveg 13 over Gaularfjellet opna rekordtidleg i år.

DEL

Vegane blir opna fredag 12. april. Det betyr at dei som vil bruke påska til å utforske Sognefjellet eller Gaularfjellet, kan køyre opp.

Medan Gaularfjellet blir heilt ope, vil Sognefjellet vere nattestengt frå klokka 20 om kvelden til klokka 08 neste morgon. Dette gjeld i påska og inntil vidare.

Folk på påsketur må derfor berekne tida, sånn at dei kjem seg ned før vegen blir stengd ved Rustadsæter og Turtagrø om kvelden.

– Det er trafikantane som har ansvaret for eigen tryggleik, og når det gjeld å passe opningstidene, seier seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

– Dersom det blir uvêr, kan vegen bli stengd på kort varsel også på dagtid. Det er framleis vinter i fjellet, og vêret kan raskt endre seg. Tryggleiken til trafikantar og brøytemannskap er viktig. Om det er fare for at vegen føyker igjen med snø, eller det blir fare for ras, må vi stenge vegen, seier Stensrud og ber folk om å sjekke vêr og vegmeldingar.

Artikkeltags