Trafikkulukke i Fjærland: Bil hamna på taket

Førar, ein mann i 60-åra, blir køyrd til Førde sentralsjukehus for behandling.

DEL

Klokka 16.09 onsdag ettermiddag fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke på rv. 5 ved Norsk bremuseum i Fjærland.

– Bilen skal først ha køyrt i eit skilt, deretter gått rundt og landa utfor vegen. Føraren er ein mann i 60-åra. Han er oppegåande og har blitt sjekka av ambulansepersonell. No blir han køyrd vidare til Førde sentralsjukehus for vidare behandling, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt klokka 16.45.

Politiet har kverrsett førarkortet til mannen og opprettar sak på hendinga, opplyser Samsonsen.

Artikkeltags