Her løftar dei den nye Loftesnesbrua på plass på riksveg 5

PÅ PLASS: Tysdag og onsdag kjem stålkonstruksjonen til den nye Loftesnesbrua på plass.

PÅ PLASS: Tysdag og onsdag kjem stålkonstruksjonen til den nye Loftesnesbrua på plass. Foto:

SOGNDAL: Første del av Loftesnesbrua kjem på plass denne veka.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Akkurat no heng stålkonstruksjonen i lause lufta og dei held på å porsjonere seg til å løfte den på plass, seier prosjektleiar for prosjektet, Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Les også: Denne brua vil glede svært mange

Stenger vegen

Dei første modulane frå Polen kom laurdag. Den siste modulen er snart på veg inn Sognefjorden og er venta å vere i Sogndal i morgon tidleg.

Riksveg 5 vert ikkje stengd i dag, men onsdag vil vegen vere stengd frå 11.30–13.30.

– Seksjonen vi skal sette på plass i dag er i god margin frå vegen, men tilsvarande seksjon på sogndalsida vil vere for nær vegen at vi må stengde i det aktuelle tidsrommet. Ekspressbuss og utrykkingskøyretøy får passere, seier Solbakken.

Opnar i 2018

Modulane er dei berande stålkonstruksjonane til den nye Loftesnesbrua. Når desse er på plass skal det støypast dekke som dannar vegbana, men det vert gjort etappevis.

– Dette vert gjort i etappevis fram til over sommaren. Så kjem rekkverk, belysning og oppmerking etter det. Vi opnar for trafikk 1. desember i år, då skal vi rive den gamle brua.

Opninga er midlertidig, ettersom heile brua skal ferdigstillast. Offisiell opning er sommaren 2018.

– Dette er spennande–no skal vi springe ut og sjå på løftet, seier Solbakken.

Artikkeltags