Tastefeil lurte 164 studentar

Ein tastefeil gjorde at 164 som stod på venteliste ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk tilbod om studieplass.

Ein tastefeil gjorde at 164 som stod på venteliste ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk tilbod om studieplass. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

UTDANNING: Laurdag kveld fekk dei beskjed om at dei var komne inn. To dagar etterpå kom kontrameldinga: det var ein tastefeil på opptakskontoret.

DEL

Dette skriv VG.

Laurdag kveld fekk søkjarane til det treårige studiet Sosial arbeid vite via e-post og SMS at dei var komne inn på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Og då dei logga inn hos Samordna opptak var beskjeden den same: Dei hadde fått plass.

Tastefeil

Måndag kveld derimot kom kontrameldinga frå Samordna opptak: «Vi beklagar feilen, som skuldast ein teknisk feil i settinga av opptaksparameter.»

– Det har skjedd ein tastefeil som vart retta opp med ein gong. Det var snakk om sekund. Vi visste ikkje at den tastefeilen førde til at heile ventelista fekk tilbod om plass. Det er fortvilande og ganske utruleg at det går an, seier fungerande rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Anne-Grethe Naustdal, til VG.

Fadesen vart ikkje oppdaga før ein student som stod langt nede på lista ringde måndag føremiddag.

– Dette skulle Samordna opptak ha fanga opp i sine kontrollrutinar, meiner Naustdal.

Samordna opptak beklagar

I ein e-post til VG seier gruppeleiar for opptak hos Samordna opptak, Geir Sverre Andersen, at HiSF den 25. juli ved ein feil merka at studiet i Sosialt arbeid skulle leggast ut på ledige studieplassar. Feilen vart umiddelbart retta opp, men sjølv oversåg Samorda opptak at påfallande mange hadde fått tilbod om plass.

– Vi beklagar at vi ikkje gjennomførte gode nok kontrollar. Søkjarane det gjekk utover vil naturlegvis få dei studietilboda dei elles skulle ha hatt, men vi forstår at feil som dette skapar sinne og frustrasjon, skriv Andersen.

Artikkeltags