Bil mista hengaren på vegen i Sogndal

DEL

Klokka 10.32 tysdag melde Vest politidistrikt om eit trafikkuhell i Stedjevegen i Sogndal. 

Det skal vere snakk om ein bil med hengar som har mista hengaren. Hengaren har treft ein bubil. Det er ikkje meldt personskade.

Trafikken går forbi ulykkesstaden.

Artikkeltags