Tok feil veg i tunnelen - gjekk mot flammane

Synne Storheil Stavheim var inne i Fjærlandstunnelen då det tok til å brenne

Synne Storheil Stavheim var inne i Fjærlandstunnelen då det tok til å brenne Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJÆRLAND: Synne var ein av dei 13 som var fanga i kaoset inne i Fjærlandstunnelen då det tok til å brenne.

DEL

– Eg er eigentleg heilt blond. Dette er oske, seier Synne Storheil Stavheim (20) og viser til det blonde håret. På same tid dagen før var det mykje lysare.

Synne var ein av dei 13 personane som var inne i Fjærlandstunnelen då det tok til å brenne måndag kveld. Ho hadde vore heime på Lesja i påska og skulle tilbake til Sogndal der ho studerer. Det var kolonnekøyring i tunnelen på grunn av vedlikehald. Synne låg rett bak leiebilen.

– Vi var ein eller to kilometer inne i tunnelen då leiebilen stoppa opp. Ein mann gjekk ut av den og kom bak til meg og sa at vi måtte snu. Så begynte det å komme frykteleg mykje røyk og dei sa: «Vi må ut, det brenn!».

Gjekk mot brannen

Synne trur dei var åtte bilar i kollonna. Plutseleg prøvde alle å snu samtidig for å komme seg ut av tunnelen.

– Det vart totalt kaos og bilar køyrde inn i kvarandre. Ein bil stod plutseleg på tvers i vegen. Alle måtte eigentleg berre komme seg ut av bilane og gå.

Brannen i Fjærlandstunnelen

  • Klokka 23.30 måndag kveld melde politiet om ein brann inne i Fjærlandstunnelen.
  • Ein feiebil hadde teke fyr om lag ein kilometer inne i tunnelen.
  • I alt 13 personar vart sendt til sjukehus med røykskadar.
  • Klokka 01.45 var brannen sløkt.

Dei kunne ikkje sjå bilen som brann, berre meir og meir røyk.

– Eg gjekk samen med ein gjeng på fire. Vi gjekk i feil retning. Eg prøvde å seie at vi går feil retning, for det vart berre varmare og varmare. Vi gjekk mot bilen som brann.

– Korleis enda dokke opp med å gå feil veg?

– Eg har ikkje peiling. Folk tenker ikkje i ein slik situasjon, det skjer så fort.

Blinda av røyk

I mellomtida hadde tunnelen fylt seg med røyk og dei kunne ikkje sjå noko som helst.

– Eg såg ingenting. Eg såg ikkje lysa på bilen som stod ein meter framfor meg. Det svei veldig når eg pusta. Eg prøvde å halde genseren framfor munnen, men det svei framleis, seier Synne.

Dei hadde gått nesten ein kilometer i feil retning før dei fann ut at dei gjekk mot flammane, ikkje vekk frå dei.

– Eg fekk eigentleg heilt panikk. Eg følte eg måtte ut. Kjem eg meg ikkje ut kjem eg til å døy, tenkte eg. Eg høyrde det small. Dei store viftene i taket laga mykje bråk og vi trudde det rasa frå taket over oss.

Dei hadde vore over ein halvtime inne i den brennande tunnelen.

– Det slo meg at eg visste veldig lite om kva eg skulle gjere når det først skjedde noko slikt. Eg gjorde det beste eg kunne. Eg har lært frå barneskulen at ein skal følge stripene, så eg lyste med lommelykta ned på gulstripa og følgde den ut.

Frykta for livet

Gruppa hennar snudde og kom seg ut.

– Vi vart møtt av brannvesenet som gav oss vatn og oksygenmaske om vi trengde det. Eg var heilt svart i ansiktet, svart i håret og kleda var heilt svarte. Det svei endå i lungene og eg hosta mykje.

Ho og alle andre som var i tunnelen klarte å berge seg ut. Synne seier at ho føler seg bra i dag, sjølv om kvelden før var svært dramatisk.

– Det var skikkeleg skummelt. Eg trudde eg skulle døy der ein augneblink, seier ho.

– Eg er veldig glad alle kom seg ut. Det er det viktigaste.

Artikkeltags