Kollisjon ved Fatlatunnelen

To bilar er involvert i ulykka.

DEL

Klokka 09.34 fekk politiet melding om trafikkulykke vest for Fatlatunnelen på fylkesveg 55 i Sogndal.

Brannvesen er framme på staden, politi er på veg.

Ifølge rapporten som politiet har fått til no, skal det vere to bilar involvert i ulykka og det skal ha vore ein person i kvar bil. Airbag er utløyst i ein bil, medan den andre skal ha fått lekkasje.

– Skadeomfanget er ukjent, men førarane står fram som oppegåande, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Klokka 11.17 melde Vegtrafikksentralen at vegen var heilt rydda og open for fri ferdsel.

Artikkeltags