Rv. 55 Stedjebergtunnelen er open med manuell dirigering

Vegtrafikksentralen Vest melder at Rv. 55 Stedjebergtunnelen er open med manuell dirigering.

DEL

Årsaka til stenginga er at ein tankbil skal ha mista tilhengaren inne i tunnelen. Tankbilen står på Leikanger sida av tunnelen.

Naudetatane tømmer området for trafikk og tunnelen er stengd fram til dei tykkjer det er trygt å opne att.

Det er ingen lekkasjar og tilhengar som det kunne ha vore lekkasje frå er fjerna frå vegbana.

Det er ingen personskadar.

Artikkeltags