Amlatunnelen og Mannheller ferjekai måtte stenge

Eit vogntog i trøbbel førte til at både Amlatunnelen og Mannheller ferjekai måtte stenge søndag ettermiddag. Men klokka 18.45 var begge opne igjen.

DEL

Riksveg 5 Amlatunnelen i Sogndal kommune blei søndag ettermiddag klokka 17.05 meld stengd av Vegtrafikksentralen vest.

Grunnen er berging av eit vogntog.

– Vogntoget skal ha køyrt i retning Sogndal då det fekk problem inne i tunnelen, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen klokka 17.08.

Han kjenner ikkje detaljane, men seier det truleg er snakk om motorhavari.

Hille opplyste samtidig at dei hadde prøvd å varsle politiet, men at dei førebels ikkje hadde fått respons.

– Tunnelen kan bli stengd ei stund, sa Hille klokka 17.08.

Klokka 17.32 melde Vest politidistrikt at bilbergar var på veg til staden, for å hjelpe vogntoget som har fått stans inne i tunnelen.

Klokka 17.43 melde Fjord1 at Mannheller ferjekai også var stengd på grunn av problema i Amlatunnelen, og at forventa rettetid varr rundt to timar.

I mellomtida måtte bilistar som skulle med ferja til Fodnes køyre til Kaupanger og ta ferja derfrå.

Klokka 18.45 melde Vegtrafikksentralen om at Amlatunnelen var open, og klokka 18.48 melde Fjord1 at ferja gjekk som normalt igjen.

Artikkeltags