Trance, hallingrock og bergensar-rap – desse artistane kjem til «Vekao»

KJEM: Staysman og Lazz kjem til Meiriet i Sogndal i mars.

KJEM: Staysman og Lazz kjem til Meiriet i Sogndal i mars. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Mellom 6000 og 7000 besøker studentveka i Sogndal årleg. I år går den av stabelen 8. til 18. mars.

DEL

– Vi er nøgde med programmet vi har fått til. Vi håpar vi har laga eit program som kan famne breitt. Vekao er ikkje berre for studentar, Vekao er for alle, seier Fredrik Øvstedal, sjef for Vekao til Sogn avis.

Vekao startar den 8. mars og varer i ti dagar.

Desse artistane kjem til Vekao 2018:

Donkeyboy, Darude, Lars Vaular, Marion Ravn, Staysman og Lazz, Skambankt, Bernhoft, Hellbillies.

Tidlegare handballproff Anja Hammerseng-Edin, kjem for å snakke om psykisk helse. Det blir også stand-up med Anders McAuley, Jonis Josef og Maria Stavang.

FRÅ ÅL: - Det har blitt klassisk med eit band under Vekao. Med Hellbillies blir det god gamaldags bygdefeststemning, seier Vekao-sjefen til Sogn avis.

FRÅ ÅL: - Det har blitt klassisk med eit band under Vekao. Med Hellbillies blir det god gamaldags bygdefeststemning, seier Vekao-sjefen til Sogn avis. Foto:

Artikkeltags