Raitala droppar Sogndal – reiser til USA i staden

FOTBALL: Jukka Raitala (28) har takka nei til ny kontrakt med sogningane.

REISER: Jukka Raitala si karriere i Sogndal varte i eitt år.

REISER: Jukka Raitala si karriere i Sogndal varte i eitt år. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– Jukka ringde meg på tysdag, og fortalde at han ikkje blir med vidare, seier trenar Eirik Bakke til Sogn Avis.

Avtalen til den finske venstrebacken gjekk ut etter årets sesong, men Sogndal ønskte å ha 28-åringen med vidare. No tyder det meste på at finnen går til USA og ein klubb i Major League Soccer.

– Eg hadde lyst å ha Jukka med vidare, då det er veldig bra å ha landslagsspelarar i spelargruppa, med tanke på den profesjonaliteten dei viser i kvardagen. Det er ein god referanse for dei unge spelarane våre, då dei ser kva som krevst. Men me veit at slike spelarar er vanskeleg å halda på her i Sogndal, seier Bakke til avisa.

Det betyr at halve forsvarsrekkja hans frå 2016-sesongen er vekke, i samband med at Raitalas landsmann Hannu Patronen (32) valde å reisa heim til Finland etter sesongslutt. Dermed må Bakke og klubben truleg på spelarjakt.

Artikkeltags