Bakke vurderer å gje seg som trenar for Sogndal på grunn av mobbing

VARSLAR: – Eg merker at det er altfor mykje negativitet. Alle skal ha følelser, men vi må bruke dei på kamp på Fosshaugane, ikkje utanfor. Vi må prate bra om kvarandre, i staden for å dra kvarandre ned, seier Bakke til VG. 

VARSLAR: – Eg merker at det er altfor mykje negativitet. Alle skal ha følelser, men vi må bruke dei på kamp på Fosshaugane, ikkje utanfor. Vi må prate bra om kvarandre, i staden for å dra kvarandre ned, seier Bakke til VG.  Foto:

Tidlegare Premier League- og Sogndalspelar Eirik Bakke (42) vurderer gje seg som trenar i Sogndal. Han hevdar bygda er splitta.

DEL

– Dette er eit varsel om at eg høyrer alarmen ringe. I Sogndal er det no for mange intrigar rundt omkring i bygda. Det er for mykje mobbing på nett og for mykje hetsing. Det bekymrar meg. Vi må vere konstruktive, og fotballen kan vere samlande. Vi må jobbe saman, seier Bakke til VG.

Saka vart først omtalt i Sogn Avis.

Bakke spelte for Sogndal frå 1993 til 1999 og blei selt til den engelske klubben Leeds i 1999 for 45 millionar kroner. Han spelte for den engelske klubben fram til 2006.

Og han har vore trenar for Sogndal sidan 2015.

– For mykje negativitet

– Eg merker at det er altfor mykje negativitet. Alle skal ha kjensler, men vi må bruke dei på kamp på Fosshaugane, ikkje utanfor. Vi må prate bra om kvarandre, i staden for å dra kvarandre ned, seier Bakke til VG.

– Folk er blitt for bedagelege. Fotballen betyr ikkje så mykje i Sogndal lenger, verker det som. Det bekymrar meg. Vi, som er små, må stå saman og ha ein svolt for å komme tilbake til Eliteserien. Vi som bygd må stå saman. Eg føler det er eit samfunnsproblem. Det gjeld ikkje berre fotballen, legg Bakke til.


Artikkeltags