Fjærlendingar skeptiske til Hurtigruten-satsing

SPLITTAR: Planane om faste hurtigruteanløp i Fjærland frå 2021 splittar den vesle bygda. Somme fryktar dei på sikt skal få cruisetrafikk à la Flåm og Geiranger. Biletet er frå Geiranger

SPLITTAR: Planane om faste hurtigruteanløp i Fjærland frå 2021 splittar den vesle bygda. Somme fryktar dei på sikt skal få cruisetrafikk à la Flåm og Geiranger. Biletet er frå Geiranger Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

REISELIV: Fjærland har vakker natur og turistattraksjonar som Norsk bremuseum og bokby, men mange i bygda er skeptiske til å opne for cruisetrafikk og masseturisme i den tronge fjorden.

DEL

– Eg og fleire her i bygda er sterkt kritiske til å opne døra på gløtt for eventuell cruisetrafikk. Då kan det eksplodere, seier fjærlendingen Anders Kvalheim til NRK.

Sogn Avis fortalde tidlegare i haust om planane om å byggje eit nytt fjordsenter i Fjærland, Marheim, som skal formidle kunnskap om fjord og hav og trekkje fleire turistar til bygda. Fjærland bygdeutval ser for seg at senteret til 100 millionar kroner skal stå ferdig til sommarsesongen i 2021.

Då kan òg Hurtigruten bli fast gjest med anløp i Fjærland fleire gonger i veka året rundt. I så fall må òg ferjekaia i Mundal byggjast ut slik at mindre cruisebåtar kan leggje til.

Hurtigrutekai

Hurtigruten vurderer å gjere Fjærland til ein av fleire faste stoppestader på ekspedisjonscruisa som reiarlaget vil drive ved sida av den tradisjonelle kystruta mellom Bergen og Kirkenes når dei mistar driftsansvaret på delar av den i 2021.

– Fjærland er éin av mange moglegheiter, men det finst òg mange andre veldig spennande destinasjonar. Vi er midt i ein prosess der vi legg planane for 2021 og utover, men er ikkje der at vi kan konkludere med noko på ei stund enda, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten til Sogn Avis.

Men i Fjærland er det fleire som fryktar at Hurtigruten-båtane med plass til 200–500 passasjerar skal opne døra for større cruiseskip og masseturisme.

– Eg er redd for at Hurtigruten-anløp på sikt kan øydeleggje bygda for oss som bur her. Det er kvalitetsturisme vi driv med her i dag, folk som er her i fleire dagar og bruker lokale guidar og aktivitetar, seier Anders Kvalheim.

– Ei misforståing

Bygdeutvalet er derimot opptatt av at Marheim og Hurtigruten-cruisa kan gi både arbeidsplassar og heilårsdrift i reiselivet og gjere det meir attraktivt å bu i Fjærland. Heller ikkje dei ønskjer Flåm-tilstandar med hundrevis av cruiseanløp, understrekar utvalsleiar Hans Haugen.

– At bygdeutvalet eller vi som har jobba med Marheim, ønskjer cruise, er ei misforståing. Men Marheim treng besøkjande, og då må vi vurdere alternativ via fjorden, seier Haugen til Sogn Avis.

Og i Hurtigruten ønskjer dei slett ikkje å vere ein pådrivar for masseturisme, tvert imot, understrekar kommunikasjonssjef Ege.

– Det er mykje vi i Hurtigruten liker med Fjærland, først og fremst motstanden mot masseturisme og trua på det ekte og lokale. Den deler vi i Hurtigruten fullt og heilt, seier Ege.

Artikkeltags