Stor stein stenger veg ved ferjekai

Rv. 55 ved Hella i Sogndal er stengd fordi ein stor stein har falle ned i vegen.

DEL

OPPDATERT: 09.30 melder Statens vegvesen at vegen er open for trafikk.

– Steinen har ikkje komme høgt oppe frå, men har truleg trilla ned i vegen frå låg høgde. Vi må ha hjullastar for å fjerne han, noko som kan ta ein times tid å få på plass, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen like etter klokka 09.00 fredag.

Entreprenøren er venta på plass rundt klokka ti. Då skal steinen på rundt ein kubikkmeter vippast ut av vegen, forklarer Hille.

– Er det fare for at det kan komme meir?

– Det verkar ikkje slik, men entreprenøren skal på plass for å sjekke forholda, så får vi sjå kva som skjer vidare.

Ifølge Hille er det passering for små bilar, men større bilar kjem ikkje forbi.

– Når det kjem fleire bilar vil det bli kaotisk, og kjem det ein stor bil må han stå og vil stenge vegen. Vi har derfor meldt vegen som stengd, seier Hille.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags