Høylast tok fyr i Sogndal

DEL

Vest politidistrikt melder at ein traktor står i full fyr ved Åbyrge i Sogndal.

Det er ikkje meldt om personskade, men alle naudetatane er på veg til staden.

Då brannvesenet kom fram til staden vart det klart at det brenn i ei høylast. Brannvesenet har klokka 17.24 starta sløkking.

Klokka 17.40 melder politiet at brannen er sløkt, og at brannvesenet driv ettersløkking på staden.

Artikkeltags