Tysdag morgon opplyser politiet at søket måndag ikkje har gitt noko resultat.

Dei held difor fram søket etter den 37 år gamle mannen i morgontimane tysdag, og utover dagen.

– Søket held fram med full styrke, opplyser politiet.

Ifølgje NRK har politiet starta manngard.

– Redningshelikopter har stort sett vore ute i heile natt, og 28 personar har leita på bakken. Den sakna er berre kledd i shorts og t-skjorte, seier Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane til NRK.

Byrja søket måndag

Politiet melder like før klokka halv ti måndag kveld at det er sett i gang ein leiteaksjon etter ein pasient frå ein institusjon som har vore på tur til Haukåsen.

Ein mannleg pasient i 30-åra er sakna. Han blei vekke i turområdet vest for Haukåsen.

– Mannen er ikkje i ein tilstand der han kan ta vare å seg sjølv, og han er lettkledd, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Seaking på veg

Klokka 22. var Røde Kors og Norske redningshundar på staden for å delta i søket saman med politiet.

Eit Sea King-helikopter er kalla ut frå Florø, og er på veg til staden for å delta i søket.