Naken, full mann vandra rundt i Sogndal

DEL

Det har vore ei roleg natt i Sogn og Fjordane, men klokka 00.30 fekk Vest politidistrikt inn ei litt spesiell melding:

Ein mann gjekk rundt i Sogndal sentrum utan ein tråd.

– Vi fekk melding om at ein mann var observert vandrande rundt naken i Sogndal sentrum. Han skal ha vore svært full, men han gjekk for eiga maskin. Han skal ha gått saman med ei kvinne, fortel operasjonsleiar Per Algrøy.

Ettersom politiet berre fekk inn éi melding om mannen, valde dei å ikkje rykke ut.

Utanom dette vart det også registrert tre hjortepåkøyrslar i løpet av natta.

Artikkeltags