Krasja i autovernet - fekk kverrsett førarkortet

SOGNDAL: Mannen skal vere uskadd etter krasjen.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Ein mann i 20-åra køyrde inn i autovernet i Sogndal sentrum denne morgonen, melder politiet. Føraren skal vere uskadd og det er ingen mistanke om rus.

Førarkortet til mannen er førebels kverrsett. Operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt seier at førarkortet er kverrsett av ein jurist, fordi det er mistanke om at føraren har sladda med vilje på snøen.

Artikkeltags