Først truga mannen forbipasserande. Då politiet kom truga han dei òg. Det skulle han ikkje ha gjort

DEL

Ein mann i slutten av 30-åra vart i natt arrestert av politiet i sentrum av Sogndal.

– Mannen oppførte seg så trugande mot personar i sentrum av Sogndal at dei valde å ringje politiet, seier Per Algrøy som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikts operasjonssentral i Bergen.

Den hissige mannen visste tydelegvis ikkje sitt eige beste, for då politipatruljen kom til staden truga mannen politifolka òg.

– Mannen vart fort teken hand om av politiet og arrestert, og det vert oppretta sak, fortel Algrøy.

Artikkeltags