I løpet av natt til sundag har uvedkommande vore om bord på hurtigbåten «MS Tyrving» som låg til kai i Sogndal. Ei større rute i inngangspartiet er knust ved at det er kasta ein stor stein gjennom ruta, og det er gjort fleire forsøk på å komme seg inn.

Bakgrunn: Braut seg inn og gjorde skadeverk på hurtigbåt

– Men heldigvis ser det ikkje ut til at dei har lukkast med det. Vi har akkurat gått gjennom heile båten, og alt ser heilt normalt ut, seier kaptein Jan Terje Øksnes.

Overvakingskamera

Saman med overstyrmann Kristian Severin Johannessen har Øksnes sjekka alt redningsutstyret ombord med tanke på avgangen til Bergen i ettermiddag, og har fastslått at alt er i orden.

– Vi oppdaga skadeverket då vi kom til båten klokka 11.39. Det er loggført i samband med at vi tok kontakt med politiet for å melde innbrotet. Dessutan har vi eige kamera om bord, slik at alt som har skjedd her i løpet av natta er filma. Så eg berre håpar at dei som har dårleg samvit melder seg, seier Øksnes.

Knust rute

Dei uvedkommande har prøvd å komme seg inn i «MS Tyrving» ved å senke landgangen ned, og har deretter knust ruta i hovudinngangen.

– Men når dei ikkje har lukkast med dette har dei klatra opp på båten, og prøvd å komme seg inn i fleire av containarboksane som står oppe på dekk. Der har vi mellom anna vaskemiddel, oljevernutstyr og drivstoff til mobiliseringsbåten liggande. Men ikkje noko av dette er rørt. Alt ligg på samme plass, seier Johannessen og viser til at innbrotstjuvane deretter har prøvd å komme seg inn i båten på den andre sida av hurtigbåten.

– Berre trist

– Men heller ikkje det har dei lukkast med. Heldigvis. For det er klart at viss dei hadde komme seg inn i salongen, så hadde dei hatt tilgang til både sjokolade og anna mat og drikke i kiosken, seier Øksnes medan han viser Firda rundt.

– Dette er berre trist, og skapar problem for både rederiet og vanlege reisande. Men no har vi fått sjekka at alt redningsutstyret er intakt, slik at vi kan gå som vanleg til Bergen i ettermiddag klokka 15.40. Og så får politiet ta ein grundig sjekk på videosnutten og finne ut kven som har gjort dette. For det er klart at slikt som dette kan vi ikkje akseptere, seier kapteinen på «MS Tyrving».