Cold case-gruppa gir opp sak om forsvunnen 37-åring i Sogndal

Av
DEL

Kripos gir opp å finne ut kva som skjedde med ein utviklingshemma 37-åring som forsvann i Sogndal då han var på tur med to pleiarar, skriv Bergens Tidende.

37-åringen forsvann ved Haukåsen i Sogndal i mai 2017 medan han var på tur med tilsette frå Melås Helse AS. Han har aldri vorte funnen.

Den forsvunne hadde Angelmans syndrom og skal mentalt ha vore på nivå med ein treåring. Han hadde derfor alltid følgje av pleiarar.

Cold case-gruppa til Kripos opna arbeidet med saka i november, etter at lensmannen i Sogndal tok kontakt.

I arbeidet med saka har Kripos mellom anna gjennomgått to mobiltelefonar og eit nettbrett, og dei har vore på synfaring med personale frå Haukåsen. Det elektroniske utstyret var brukt av dei som hadde ansvaret for å passe på 37-åringen.

Det vart òg gjort ein ny gjennomgang av elektroniske spor knytt til eit betalingskort som den forsvunne disponerte.

Leiaren for Cold case-gruppa seier politiet ser det som mest sannsynleg at 37-åringen har vore utsett for ei ulykke, og at det ikkje er grunnlag for å mistenkje at han har vorte utsett for noko straffbart.

Melås Helse vart sikta for brot på helsepersonellova etter forsvinninga og pålagt ei føretaksbot på 600.000. Det vart grunngitt mellom anna med at det over lengre tid hadde utvikla seg ein praksis i helseselskapet der tilsette var borte frå 37-åringen i fleire minutt av gongen utan å ha kontroll på han, utan at leiinga vart orientert eller reagerte.

(©NPK)

Artikkeltags