Lerum og Hennig-Olsen har laga Norges første kalorifrie is

Saftisen ZERoh! har null kaloriar.

DEL

– Vi kan ikkje sjå at det er ein tilsvarande is på kloden med null kaloriar. Det har gjerne ikkje vore nokon som har fokusert på det, men no har vi gjort det, seier Paal Hennig-Olsen, administrerande direktør i Hennig-Olsen til Godt.no.

Isen har Hennig-Olsen utvikla i samarbeid med Lerum og har brukt halvtanna år på å utvikle saftisen.

Henig-Olsen fortel at dei har sett ein enorm trend på redusert innhald av kaloriar og sukker i marknaden, og at dette berre har eskalert.

– Vi har hatt ein del produkt med redusert sukker og kaloriar opp gjennom åra. Men dette er første gang vi har lykkast med å skape noko som faktisk ikkje inneheld nokon kaloriar, seier han og legg til

– Vi har jobba knallhardt med oppskrifta og gjort tallause testar. Utan sukker og kaloriar har iskrem til no nesten blitt hard som stein. Men saman med Lerum har vi løyst denne utfordringa.

Artikkeltags