Innbrot og grovt tjuveri på Dampskipskaien i Sogndal

Skal ha skjedd i løpet av natta.

DEL

Torsdag føremiddag rykte politiet ut til eit innbrot på kaféen Dampskipskaien i Sogndal.

– Det har vore innbrot via eit vindauge. Det er stole kontantar og drikkevarer. Kor mykje pengar det er snakk om er uvisst, det må vi komme tilbake til, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar i politiet like etter klokka 12.

No er politiet på åstaden og gjer undersøkingar.

– Det var dagleg leiar som melde frå til oss. Det skal ha skjedd siste døgnet, seier Magnussen.

Kaféen ligg på bryggjekanten ved Sognefjorden i Sogndal sentrum.

På si eiga Facebook-side skriv Dampskipskaien at det har vore innbrot i natt, og at dei ikkje kan opne før politiet har vore på staden.

– Det vi veit har forsvunne er alkohol av Viking-cider frå Balholm og Bulmers, skriv kaféen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags