Feiebilen som tok fyr i Fjærlandstunnelen var heilt ny

2015-modell: Entreprenørselskapet som eig feiebilen som tok fyr i Fjærlandstunnelen, meiner det er rart at brannen oppstod, sidan bilen deira var svært ny.

2015-modell: Entreprenørselskapet som eig feiebilen som tok fyr i Fjærlandstunnelen, meiner det er rart at brannen oppstod, sidan bilen deira var svært ny. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGNDAL/JØLSTER: Entreprenørselskapet synest det er veldig rart at bilen deira tok til å brenne.

DEL

– Det er uvisst korleis brannen har starta, då dette er ein av våre nyaste feiebilar med topp moderne utstyr. Det viktigaste er at det er bra med alle involverte, seier driftsleiar i Asfalt Remix AS, Eivind Brynildsen, til Sogn Avis.

Heilt ny lastebil

Feiebilen som tok fyr i Fjærlandstunnelen er eigd av entreprenørselskapet Asfalt Remix AS frå Våler. Dei hadde ansvaret for vask og vedlikehald i tunnelen då feiebilen tok fyr måndag kveld.

Les også: Slik ser det ut etter brannen

Brynildsen synest det er veldig rart at bilen deira tok fyr.

– Dette er ein nesten heilt ny lastebil, så det er veldig rart at dette kunne skje, seier han.

Ifølgje Brynildsen må brannen ha starta ved hytta der sjåføren sat, utfrå dei bilda dei har sett. Men han vil ikkje spekulere i korleis brannen har oppstått.

Jobba med spylearbeid

Lastebilen var ein Scania R 580 2015-modell. Om bord var det mellom anna 2.500 liter vatn. Då brannen starta dreiv dei med spylearbeid i tunnelen.

– Det kan vera ei av årsakene til at det gjekk så bra, i tillegg til at brannmannskapet var raskt på plass for å få sløkt brannen, seier han til avisa.

Ifølgje regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, er det politiet i region Sunnfjord som har det vidare etterforskingsansvaret, sidan brannen oppstod på Skei-sida.

Artikkeltags