Vart aldri ein hit i Sogndal – no avsluttar dei samarbeidet

SLUTT: Sogndal-karreren til Mohamed Didé Fofana er no avslutta.

SLUTT: Sogndal-karreren til Mohamed Didé Fofana er no avslutta. Foto:

Mohamed Didé Fofana reiser tilbake til Paris.

DEL

21-åringen frå Guinea kom til Sogndal i august 2017. Han vart då sett på som ein lovande midtbanespelar, og hadde balnt anna landslagsplass i landets U20-tropp til VM året han vart henta til Sogndal.

I Sogndal slo han derimot aldri heilt gjennom. Han har vore mykje ute med skader, og gjennom fjoråret var han også på utlån til islandske Vikingur Reykjavik og no er det klart at han ikkje får forlenga kontrakten sin med klubben.

Det melder Sogndal på sine nettsider.

– Didé er ein eksemplarisk gut som har vore nokså uheldig med tanke på skadar og har difor diverre fått alt for lite speletid her hjå oss. Dette er ein gut vi er blitt veldig glade i, og det er ikkje lett for nokre av partane at vi no vel å avslutte samarbeidet, seier Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Artikkeltags