Lokale høgskular hindrar fråflytting frå distrikta

UTDANNING: Høgskulen på Vestlandet, Førde.

UTDANNING: Høgskulen på Vestlandet, Førde. Foto:

UTDANNING: Høgskulen på Vestlandet motverkar hjerneflukt. Det slår Kandidatundersøkinga 2018 fast.

DEL

– Undersøkinga stadfestar det vi ved HVL har hevda – at det er viktig å ha eit spreitt tilbod om høgare utdanning i nærområda, seier Bjørg Kristin Selvik i ei pressemelding.

Ho er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Tala viser at utdanningane ved høgskulen sine avdelingar i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund bidreg til å motverke eller dempe hjerneflukta, at unge med utdanning flyttar frå sin region. Det er ein generell tendens at studentar søker seg bort frå distrikta etter studia, noko omgrepet «hjerneflukt» viser til.

Kandidatundersøkinga 2018 viser at Hordaland og Oslo har ein gevinst frå utdanningsinstitusjonar på Vestlandet, medan til dømes Sogn og Fjordane og Rogaland opplever ei reell hjerneflukt.

Gir relevante jobbar

Undersøkinga viser også at kandidatane som er ferdig med utdanninga si på HVL er fornøgde med arbeidssituasjonen sin. 88 prosent av dei som har delteke i undersøkinga, seier dei har fått seg relevant arbeid innan to år etter at dei blei ferdige med studia.

– Dei som har utdanning innan helsefag og læraryrka er mest fornøgde med arbeidssituasjonen sin, seier Selvik.

Selvik seier vidare at det også for ingeniørstudentane no er lettare å få relevant jobb. Blant dei er det fleire som finn seg relevant arbeid enn det same undersøking viste for tre år sidan.

Arbeidslivspraksis er viktig

Utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet er i stor grad retta mot arbeidslivet, og dei fleste studentane har mykje praksis i løpet av utdanninga.

Analysar indikerer at arbeidslivspraksis er den aktiviteten utanom studiet som i størst grad aukar sjansane for relevant arbeid etter enda utdanning. Praksis i studietida er altså ein av grunnane til at dei fleste studentane frå HVL får seg relevant arbeid så fort.

Artikkeltags