– Då brannen stengde tunnelen, fann vi ut at vi skulle rydde

Her er bosset som bygdefolket i Fjærland fann langs riksveg 5 sist søndag.

Her er bosset som bygdefolket i Fjærland fann langs riksveg 5 sist søndag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylte traktor-tilhengjar med boss

DEL

I Fjærland har entusiastar over lengre tid hatt fokus på rydding av søppel, og det har i det siste vore planlagt at bygdefolk skulle ta del i «Strandryddar-dagen» 6. mai. Men då Fjærlandstunnelen vart stengd for ei god veke sidan, fann eldsjelene ut at dei også kunne rydde langs riksveg 5 mellom Fjærlandstunnelen og Bergetunnelen.

– Det er ikkje lenger enn knappe ti kilometer, men vi fann utruleg mykje rusk og rask langs hovudvegen og i elvekanten, seier Marianne Nilsen som var ein av initiativtakarane til den spontane aksjonen sist søndag.

Går saman

– Det er fleire entusiastar i bygda som har vore opptekne av å rydde søppel i Fjærland, og både 4H-klubben og idrettslaget har hatt dette som tema i samband med «Strandryddardagen». Men sist søndag dukka det opp ein idé om å rydde langs riksvegen når trafikken nesten var borte i Fjærland. For med så mange ungar som er aktive i dette arbeidet, så har det vore uaktuelt å gjere denne jobben med all den trafikken som til dagleg går gjennom bygda. Men no kunne vi gå i gang utan at biltrafikken hindra oss, seier Marianne Nilsen og viser til at dei omtrent 30 frivillige gjennom ein dag totalt samla eit tilhengjarlass med søppel.

– Det er kort og godt ufatteleg at det kan vere så mykje søppel langs riksvegen. Vi delte oss inn i roder, og saumfór heile strekningen mellom Fjærlandstunnelen og Bergetunnelen. Og det dukka opp alt mogleg, alt frå støvsugar til sigarettsneipar, tomflasker og snusboksar, seier Nilsen og såg at engasjementet for aksjonen var svært stort.

Mengdevis av hjulkapslar

– Både ungar og vaksne vart overraska over kor mykje søppel som låg og flaut langs vegen. Til dømes har vi ikkje tal på kor mange hjulkapslar vi har funne. Og dessutan fleire bleier og vårserviettar. Det finst nesten ikkje grense for kva som er mogleg å kvitte seg med langs vegen, seier Nilsen og rosar bygdefolket for engasjementet.

– Eg er sjølv utdanna marinbiolog, og har vore oppteken av plasten sin påverknad på livet i sjøen. Difor har nok også strandryddardagen 6. mai hatt eit litt spesielt fokus. Men når vi ser kor mykje søppel som også finst langs riksvegen, så viser det heilt klart trongen for slike aksjonar, seier Nilsen og viser også til at dei har gått i samarbeid med bondelaget i bygda med tanke på å få større fokus på å forhindre plastavfall frå landbruket.

– Også i Fjærland finst det mykje plastavfall frå siloballar og slikt, og det er viktig å få fjerna dette. Dessutan ser vi at det langs vegen låg masse både boksar og flasker, som kan vere til fare for dyr. Anten når dei går på beite eller om det hamnar i foret, seier Nilsen.

Lær av Fjærland

Ho oppfordrar også andre bygdelag til å ta lærdom av innsatsen til fjærlendingane.

– Det handlar om å etablere haldningar, og eg er sikker på at dette har gjort dei fleste av oss langt meir medvitne på kva vi kastar og ikkje. Og sjølv om vi hadde denne spontanaksjonen når Fjærlandstunnelen var stengt, så vil vi halde fram med våre planlagde aksjonar framover i tillegg. For dette er nok eit arbeid som vil måtte stå på ei tid til vi alle blir flinkare til å slutte med å kaste søppel rundt oss, seier Nilsen og viser til at spesielt dei yngste var overraska over alt dei fann langs hovudvegen.

– Det var mange av dei yngste som vart heilt skaka over at det var mogleg å kaste så mykje. Er det mogleg, var gjennomgangstonen hos mange av desse ungane. Og ingen tvil om at dei har fått eit veldig klart syn på kva ein ikkje skal gjere når ein køyrer bil, seier Nilsen etter aksjonen langs riksveg 5.

– Vi veit ikkje eksakt kor mange kilo søppel vi fann, men alle sekkane fylte heile traktortilhengaren. Vi har fått avtale med renovasjonsselskapet om at vi skal få levere alt inn gratis, og då skal vi også få vege alt slik at vi får registrert aksjonen vår. Men vi skal garantert ikkje slutte med denne aksjonen. For no har mange i Fjærland blitt veldig bevisst på dette, seier ho.

Artikkeltags