Anleggsmaskin på 17 tonn stolen – eigar lovar 100.000 kroner i finnarløn

BLYTUNG: Denne store anleggsmaskina vart stole frå Jordal, nokre kilometer frå Fjærland i Sogn.

BLYTUNG: Denne store anleggsmaskina vart stole frå Jordal, nokre kilometer frå Fjærland i Sogn.

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGNDAL: Ei større anleggsmaskin har blitt stolen i Fjærland. – Vi måtte gå ut med dusør for å få eit engasjement, seier maskinforhandlaren.

DEL

– Maskina blei selt til anleggssenteret Hadeland i januar. Vi prøvde å hente den to gongar, i januar og februar, forklarer maskinforhandlar Ruben Byberg Olsen.

Begge gongar måtte dei gi opp. Den eine gongen grunna snøras, og andre gongen på grunn av utrygge køyreforhold. Onsdag blei det oppdaga at maskina var stole.

Det var Sogn Avis som først melde saka.

– Vi har brukt alle moglege kanalar for å spore den opp. Vi måtte gå ut med ein dusør for å få eit engasjement, seier Olsen, og legg til at maskina er såpass dyr at dei veldig gjerne vil finne den igjen.

Maskina er eit sikteverk, eller ei slags steinknusemaskin. Merket er Keestrack, med modellen Combo. Maskina, som er ein 2008-modell, er verd 600.00 kroner. Den veg 17 tonn, og var parkert 11 kilometer frå Fjærland, i Jordal.

Sannsynlegvis forsvann maskina i påska ein gong.

Artikkeltags