Frigir namnet på mannen som omkom i brannen i Sogndal

BRANNEN: Det byrja å brenne i andreetasje i ei bustadblokk på Ulvahaugane natt til søndag 20. januar. Dette bilde er frå søndag føremiddag.

BRANNEN: Det byrja å brenne i andreetasje i ei bustadblokk på Ulvahaugane natt til søndag 20. januar. Dette bilde er frå søndag føremiddag. Foto:

DEL

Det var Odd Loven (70) som mista livet i brannen i ei bustadblokk i Ulvahaugen i Sogndal 20. januar.

Namnet er frigitt i samråd med dei pårørande. Det melder Vest politidistrikt onsdag ettermiddag.

Politiet kan ikkje seie meir om dødsårsaka på noverande tidspunkt.

Kriminalteknikarane har gjennomført undersøkingar på staden, men det er for tidleg å fastslå kva som er brannårsaka. Politiet vil etterforske saka vidare i tida framover, opplyser politiet i ei pressemelding.


Artikkeltags