Ein mann mista livet etter brann i bustadblokk i Sogndal

BRANN: Ein mann omkom og 18 personar måtte evakuere då det var brann i ei bustadblokk på Ulvahaugen

BRANN: Ein mann omkom og 18 personar måtte evakuere då det var brann i ei bustadblokk på Ulvahaugen Foto:

SOGNDAL: Klokka 03.27 fekk politiet melding om brann i ei bustadblokk på Ulvahaugen i Sogndal.

DEL

Vest politidistrikt har via Twitter informert om at det natt til i dag, søndag 20.1.19, var brann i ei bustadblokk i Sogndal. Blokka ligg i Ulvahaugen nær Sogndal sentrum. Brannen vart meldt kl. 03.27, og alle naudetatane rykte straks ut til staden.

Ein mann omkommen

Sjølve brannen vart lokalisert til å kome frå eit husvære i andre etasje.

– I dette husværet var det registrert ein bebuar, ein 70 år gamal mann. Denne mannen er ikkje blant dei evakuerte. Då røykdykkarar kom inn i husværet, fann dei ein person omkomen der inne. Avdøde er ikkje sikkert identifisert, men politiet sin teori er at dette er den 70 år gamle mannen. Næraste pårørande er varsla, skriv  Vest politidistrikt i ei pressemelding.

18 bebuarar vart raskt evakuert frå blokka, og desse har no tilhald på eit omsorgssenter i nærleiken. Ingen av desse er opplyst å vere skadde. Det er venta at dei fleste kan vende tilbake til sine husvære i løpet av dagen.

Ukjent årsak

Når det gjeld brannårsak er det enno for tidleg å sei noko om dette.

– Åstaden er no avsperra, og så snart det er mogeleg vil politiet setje i gang med kriminaltekniske undersøkingar for å finne årsaka.

Dette skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding kl. 07.20.

30–40 personar rykte ut.

Vaktleiar ved Alarmsentralen, Oddbjørn Aune, fortel at brannstasjonen ligg like ved bustadblokka og brannvesenet var på staden rundt halv fire.

– Det var fleire som måtte rykke ut. Dei var rundt 30–40 personar frå både Sogndal, Leikanger, Gaupne og Hafslo. Det var også ein lift på veg frå Førde, men den snudde då dei såg det ikkje var behov for den, seier Aune.

– Det var kraftig røykutvikling i ei bustadblokk. No føregår det ettersløkking og litt kontroll. Dei fleste brannmennene er sendt heim. Det er berre Sogndal brannvesen som er att på staden. Det står att ein del opprydding, seier Aune til Firda kl. 08.20.

Såg brann kom ut av vindauget

Sjef i Sogn brann og redning og innsatsleiar på brannstaden, Vidar Trettenes, fortel at dei frå brannstasjonen såg det kom brann ut av vindauget på nedsida av bustadblokka.

– Det er klart ved ein slik brann er det fare for at mange liv kan gå tapt. Då er det viktig med rask innsats, evakuering og tidleg varsling. Det er krevjande når det er slike bygg, for ein vil for all del unngå spreiing og det klarte vi. Dei andre leilegheitene som ligg nærmast til er prega av røyk- og vasskadar. Leilegheitene held på å bli lufta ut for å unngå at røyken sett seg, seier Trettenes.

Då Firda ringer han kl. 08.30 seier han at politiet no er på staden og har vakthald.

Saka vert oppdatert

Artikkeltags