Dødsbrannen i Sogndal er ferdig etterforska

BRANNEN: Det byrja å brenne i andreetasje i ei bustadblokk på Ulvahaugane natt til søndag 20. januar. Dette bilde er frå søndag føremiddag. Tysdag starta kriminalteknikarane arbeidet. Foto: Bjørn Erik Pedersen

BRANNEN: Det byrja å brenne i andreetasje i ei bustadblokk på Ulvahaugane natt til søndag 20. januar. Dette bilde er frå søndag føremiddag. Tysdag starta kriminalteknikarane arbeidet. Foto: Bjørn Erik Pedersen

Ein mann blei funnen død etter brann i Sogndal natt til søndag 20. januar. No er saka lagt vekk

DEL

Det melder politiet i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Natt til søndag 20. januar rykte alle naudetatane ut til ein brann i ei bustadblokk i Sogndal sentrum. 18 personar blei evakuerte, men ingen av desse skal ha vore skadde.

Sjølve brannen starta i ei leilegheit i 2. etasje, der det budde ein mann i 70-åra. Han vart funnen omkommen inne i leilegheita.

Politiet melder torsdag at saka er ferdig etterforska og at den har vore hos vurdering hos statsadvokaten. 20. juni blei det bestemt at saka blei lagt vekk.

«Avdøde vart obdusert etter brannen og det vart konkludert med at avdøde døde av akutt hjartesvikt før brannen var av vesentleg storleik. Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt i denne saka.» opplyser politiet i ei pressemelding.

– Obduksjonen viser at han er død av hjartesvikt, og vi har ikkje mistanke om at han er død som følge av brannen, seier Inger Lill Lanes som er lensmann i Sogn til Bergens Tidende.

Politiet melder vidare at brannvarslingsanlegget på fellesarealet, som har vore eit tema i etterforskinga, har blitt sjekka i samråd med Sogn brann og redning. Det er konkludert med at dette fungerte som det skulle og at det var etter forskrifta.


Artikkeltags