Bilførar til legevakt etter utforkøyring

DEL

Ein bil har køyrt utfor riksveg 55 ved Fardal i Sogndal.

Det var ein person i bilen. Han er medviten og skal ha komme seg ut sjølv.

Føraren, ein mann i tenåra, er køyrd til legevakt.

Politiet vil opprette sak og etterforske ulykka.

Artikkeltags