Då tre tilsette i barnevernet truga med søksmål etter å ha blitt mobba av sjefen, svara Sogndal-rådmann Jostein Aanestad med å betale kvar av dei 50.000 kroner i erstatning.
I tillegg skaffa han dei tilsette psykologhjelp og lovde å framsnakke Sogn barnevern i lokalavisa.
Dette skriv Sogn Avis tysdag.
Truga med rettssak
Avtalen skal ha blitt underteikna i mars 2015. Bakgrunnen for avtalen var at tilsette i Sogn barnevern hadde truga med rettssak etter mobbing og trakassering frå ein tidlegare tenesteleiar for Sogn barnevern i tida før 2014.
Sogn Avis skriv at advokatar til både LO og Fagforbundet hadde gått igjennom det materialet som var tilgjengeleg, og alle konkluderte med at det var juridisk grunnlag for eit søksmål mot kommunen.
Rådmann Jostein Aanestad fekk utarbeidd ein avtale der dei tre tilsette fråskreiv seg retten til å gå til rettslege steg mot kommunen og/eller tidlegare tenesteleiar om denne saka. Kommunen vedgår si skuld for at dei tre tilsette vart utsette for mobbing og trakassering.
Vil ikkje ta ansvar for eventuell skatt
I avtalen står det også at kommunen betaler ut erstatning for ikkje-økonomisk skade på kroner 50.000. Vidare skal kommunen melde inn 50.000 kroner til skatteetaten, men presiserer at kommunen ikkje har noko ansvar for eventuell pålagt skatt.
Dei tre fekk også tilbod om å bearbeide og leggje bak seg sine opplevingar med tidlegare tenesteleiar, der målsetting var at dei ikkje skulle ha ugreie reaksjonar ved møte med tidlegare tenesteleiar, samt førebyggje andre eventuelle etterreaksjonar.
Rådmann Aanestad svarar i Sogn Avis at han verken kan eller vil kommentere opplysningane til avisa.