Mannen som stakk av frå politiet er dømt til 90 dagar i fengsel

FRÅ NATTA DET SKJEDDE: Bilde frå ferjekaia på Vangsnes etter at fangen hadde forsvunne opp i ein bringebæråker.

FRÅ NATTA DET SKJEDDE: Bilde frå ferjekaia på Vangsnes etter at fangen hadde forsvunne opp i ein bringebæråker. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

VIK: Aktor ville ha 120 dagar i fengsel, men retten landa på 90 dagar.

DEL

Mannen som stakk av frå politiet i februar har no vore i retten, og dommen har falle: 90 dagar i fengsel, med frådrag for 57 dagar som han allereie har sona i varetekt. Aktor bad om 120 dagar i fengsel.

Det melder NRK Sogn og Fjordane, som først omtalte dommen.

Nytta toalettbesøk til å stikke av

13. februar var mannen i 20-åra på veg til fengselet i Vik, der han skulle sitte i varetekt. Mannen blei frakta i politibil til Vangsnes, der han skulle overleverast til ein ny politibil fram til fengselet. Men denne fangen hadde andre planar.

Les også:

Fange har rømt frå transport til fengselet

Framleis på frifot, men politiet trur dei veit kor han er

På ferjekaia på Vangsnes hinta fangen til at han måtte på do, og blei difor tatt med inn i eit bygg med toalett. Då fangen kom ut igjen av bygget, la han på sprang langs ferjekaia og forsvann opp i ein bringebæråker, fortalde ein tilsett på Fjord1-ferja til Firda i februar.

Etter tre veker på rømmen og ein iherdig leiteaksjon frå politiet si side, blei fangen arrestert i Bergen i mars.

Artikkeltags