200 innbyggarar i Fresvik straumlause og isolerte etter ras

Av
DEL

Fleire ras gjekk søndag kveld over fylkesveg 5602 mellom Fresvik og Feios i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Om lag 200 innbyggarar er isolerte og utan straum.

Måndag morgon er fylkesvegen framleis stengt saman med fylkesveg 5600 mellom Arnafjord og Vikøyri. Vegen bllir ikkje opna før etter nyttår. Ny vurdering skal gjerast 2. januar.

Politiet melde om raset ved 18-tida søndag kveld. Ingen menneske vart tatt av raset, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til NRK. Raset skal vere mellom 50 og 60 meter breitt, ifølgje Sogn Avis.

Seinare på kvelden gjekk det eit nytt ras. Dette raset kutta straumlinja mellom Ramnaberg og Fresvik og gjorde at mange innbyggarar vart straumlause.

På grunn av rasfaren fekk ikkje Sognekraft sendt inn reparatørar søndag kveld, og det er derfor usikkert når arbeidet med å finne feilen og reparere straumnettet kan starte opp.

(©NPK)

Artikkeltags