Tre menn sikta for gjengvaldtekt i Sogn

Artikkelen er over 1 år gammel

SOGN: Valdtekta skal ha skjedd i februar. 5. juni blei tre menn sikta.

DEL

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag.

Vest politidistrikt fekk i starten av april 2018 melding om ei valdtekt. Valdtekta skal ha blitt utført av fleire menn i fellesskap.

Har etterforska i ei tid

Hendinga skal ha skjedd i Sogn i Februar 2018, og saka har vore etterforska ei tid.

Tysdag 5. juni grep politiet tre menn, som no er sikta i saka. Dei sikta er av utanlandsk opphav med opphald i Norge.

– Politiet er i ei tidleg fase og kan på noverande tidspunkt ikkje kommentera saka ytterlegare av omsyn til etterforskinga, opplyser Vest politidistrikt.

To nektar straffskuld

Ifølge Bergens Tidende er dei tre mennene alle i 30-åra, og den fornærma ei kvinne. Dei tre skal ifølge BT vere sikta for grov valdtekt.

Det tre mennene blei framstilt for varetektsfengsling førre torsdag.

Ifølge BT har ein av mennene samtykka til fengsling, medan dei to andre nektar straffskuld.

Dei sikta er no varetektsfengsla med brev- og besøksforbod i fire veker.

Artikkeltags