Traktorulykke i Sogn – mann henta av luftambulanse

DEL

Ein mann i 40-åra har vore utfor ei ulykke i Sogn. Ifølge politiet var det i samband med påkopling av utstyr på ein traktor, at ein slange losna og trefte mannen i hovudet.

Mannen vart funnen ved sida av traktoren. Han var bevisst, men hadde kuttskadar i hovudet. Han vart henta av luftambulanse og frakta til Førde sentralsjukehus. Tilstanden hans no er ukjent.

Det var ingen andre personar eller køyretøy involvert i ulykka.

Morten Rebnord i politiet opplyser at dei er i etterforskningsfasa av saka no.

– Det blir oppretta sak, og arbeidstilsynet vert varsla. Vi har avhøyrt fleire vitne og skal etterforske vidare.

Vest politidistrikt melde ulykka på Twitter. Dei vart varsla om den klokka 10.

Artikkeltags