Mann (26) har fått ryggskadar på fjelltur – blir henta av redningshelikopter

Personen skal ha blitt treft av ein stein.

DEL

Ein turguide i Skagastølstindane i Sogn har fått skader i ryggen. Det opplyser Vest politidistrikt som fekk meldinga 11.48 torsdag.

Vedkommande hadde med seg to personar i følget og skal ha blitt skadd då han vart treft av ein stein. Personen skal ha vanskeleg for å gå frå staden og redningshelikopter er på veg. Politiet opplyser om at helikopteret vil å lande ved Turtagrø klokka 17.00.

Personen er kjent i området og ein patrulje frå Sogndal er sendt i retning Turtagrø. Det skal vere tåkete i området.

Klokka 17.25 opplyser politiet at helikopteret har landa ved Turtagrø etter ein runde over det aktuelle fjellområdet. På grunn av tåke i området vert det tatt ei vurdering på korleis den skadde skal bli henta ut.

Politiet opplyser klokka 18.57 at helikopteret er på veg mot staden saman med tre personar frå alpin redningsgruppe. Det er uvisst om dei kjem seg heilt inn til den skadde. Klokka 19.23 melder politiet om at helikopter har sett av klatrar i fjellheimen, som skal ta seg fram til turfølget.

Firda oppdaterer saka.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags