Trafikkulykke i Sogn: Bil på taket

DEL

Måndag ettermiddagar det vore ei trafikkulykke ved Kjørnes i Sogn. Det melde politiets operasjonssentral klokka 12.43.

– Ein bil har hamna på taket, delvis ut i vegbana. Naudetatar er på veg til staden, opplyste politiet klokka 12.43.

Få minutt seinare oppdaterte politiet at dei var framme på staden og at ein person var ute av bilen og bevisst.

Operasjonsleiar Terje Magnussen opplyser klokka 12.48 at det berre skal ha vore ein person i bilen og at ulykka etter forholda skal ha vore udramatisk.

– Personen er oppegåande og er i kontakt med helsepersonell over telefon, men det kjem også ein ambulanse, seier Magnussen.

Han opplyser at ulykka skal ha skjedd ved krysset til byggefeltet Stølen.

Klokka 14.30 opplyser Magnussen at bilen er fjerna frå staden og at oppdraget der er avslutta.

Det er førebels uvisst kva som er grunnen til at bilen hamna på taket.

– Det er mogleg at det kan ha vore noko oljesøl der som kan ha vore årsaka, men det er ikkje godt å seie.

Det var berre eitt køyretøy og éin person involvert i ulykka. Personen er undersøkt av helsepersonell frå ambulanse på staden, men politiet kjenner ikkje til helsetilstanden eller om personen blei med i ambulansen eller ikkje.

Artikkeltags