Trafikkulykka i Sogn: Endå ei ulykke i køen

Medan naudetatane handterte bilen som hamna på taket i Sogn på måndag, var det ei mindre ulykke i køen som danna seg.

DEL

– Det var ein bil i køen som fekk sleng og gjekk i autovernet, utan at eg veit meir om den hendingsgangen, fortel Simen Brenn, innsatsleiar i Sogn lensmannsdistrikt.

Han opplyser at bilen var køyrbar etterpå, men fekk nokre materielle skadar. Ulykka skjedde nærare Sogndal.

– Vi snakka med føraren om kva som var årsaka, men det veit vi ikkje heilt sikkert endå. Vi skal snakke vidare med politiet om ei eventuell påtale.

Det danna seg kø då ein bil hamna på taket ved Kjørnes i Sogn.

– Det var ein bil med ein mann som hamna ut av vegen og velta slik at den hamna på taket. Føraren, ein mann, verka oppegåande og uskadd, men vart sendt til lege for sjekk. Der har vi ikkje fått nokre oppdateringar, opplyser Brenn.

Ulykka skjedde ved krysset til byggefeltet Stølen.

I vidare undersøkingar skal dei avhøyre føraren, samt undersøke vegforhalda.

– No har vi tatt oppmålingar, bilde og gjort undersøkingar på staden. Nå må vi få ei forklaring frå han, og sjå på det vi har og setje det saman. Det var våt asfalt og varmt i vêret, noko som gjer at det kan bli glatt. Vi fekk også meldingar om eit eventuelt oljesøl, så det må vi undersøke.

Artikkeltags