No er Hemsedalsfjellet ope

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er no open for fri ferdsel.

DEL

Det melder Statens vegvesen klokka 07.20 tysdag.

Tidlegare tysdag morgon var fjellet stengt på grunn av eit vogntog som hadde køyrt seg fast.

– Vi reknar med å få vogntoget laust raskt og opne vegen igjen, melde trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy klokka 06.20.

Stoda på fjelleovergangane er slik tysdag morgon:

Ev6 Filefjell: Open.

Rv52 Hemsedal: Open.

Fv53 Tyin-Årdal: Open.

Rv13 Vikafjellet: Stengd. Ny vurdering kl. 12.00.

Rv7 Hardangervidda: Kolonnekøyring for bilar over 7,5 tonn.

Ev134 Haukelifjell: Open.

Fv50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring.

Rv15 Strynefjellet: Open.


Artikkeltags