Bil køyrte av vegen i Sogn - føraren var påverka

DEL

Ein person vart køyrt til legevakt fredag kvald, etter ei trafikkulykke på Eidsneset i Sogn.

Hendinga vart meldt til politiet klokka 22.34, og det var mistanke om alkoholpåverknad. Føraren i 20-åra vart promilletesta og alkometeret gav utslag.

– Føraren har erkjent at han var påverka, og førarkortet hans er beslaglagt, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Artikkeltags