Ny basestasjon skal betra naudnettet i Ytre Sogn

Av

Folk i Ytre Sogn har i lengre tid vore uroa for nødnettdekninga. Ein ny basestasjon skal no vera med å retta på dette.

DEL

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vil i år setja opp ein ny basestasjon i Ytre Sula i Solund kommune for å betra dekninga.

– Han gjev veldig mykje betre dekning der, og vil og også ha god effekt i Gulen, seier avdelingsdirektør Sigurd Høie i direktoratet til NRK.

Brannvesenet i Gulen er blant dei som har vore uroa for mangelfullt nødnett i ytre delen av Sognefjorden. For brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen og Masfjorden brann og redning er difor meldingane om den nye basestasjonen godt nytt

– Dess lenger ut i periferien ein kjem, dess viktigare er det at det vi har for å hjelpa oss med, fungerer, seier brannsjefen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken