Rekneskapen syner eit godt kvartal for banken, med eit resultat før skatt på 128 millionar i kvartalet og 367 millionar kroner hittil i år. Dette kjem fram i ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
Administrerande direktør Trond Teigene seier i pressemeldinga at resultatet kjem av sunn og god bankdrift, der mange år med god vekst gir god avkastning. I 2017 er det òg gjennomført ei rekke omstillings- og effektiviseringstiltak.
Banken ser samstundes dei første teikna til fallande aktivitet i bustadmarknaden, både gjennom noko lågare veksttakt enn tidlegare år på bustadlån og gjennom lågare omsetningstakt i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i 3. kvartal.
Etablerarar er nøkkelen til vekst
Banken seier at dei over tid har lukkast godt mot unge i etableringsfasen. I ei tid der banken ser dei første teikna til lågare aktivitet i bustadmarknaden, har dei fokus på dei unge for å sikre vidare vekst.
Les også: Folk har aldri lånt meir pengar enn i juni – det merkar banken godt, Har auka med 30 millionar. Tener 239 millionar på eit halvår, og Sparebanken Sogn og Fjordane veks utanfor fylket
– Vi trur at ein del av forklaringa bak suksessen vår i etableringssegmentet er at vi har hatt barne- og ungdomsprogram som følger kunden gjennom heile oppveksten, og som dermed gjer at vi er eit naturleg val når kunden skal etablere seg for første gong, seier Trond Teigene i pressemeldinga.