Skal du krysse her må du bu deg på venting

LANG KØ: Det har forma seg lange køar på Mannheller – Fodnes søndag. Her på Kaupanger-sida.

LANG KØ: Det har forma seg lange køar på Mannheller – Fodnes søndag. Her på Kaupanger-sida. Foto:

Om lag 20 minutt venting på Mannheller - Fodnes søndag ettermiddag.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melder klokka 14.07 søndag at det er om lag 20 minutt venting på rv. 5 på ferjestrekninga Mannheller – Fodnes i Sogn og Fjordane.

Ifølge trafikkoperatør Jan Erikstad ved trafikksentralen i Lærdal er det høg utfart som er årsaka til at det har bygt seg opp kø, og dermed blir ventetid.

Køane strekk seg innover i tunnelen på Mannheller-sida.

Kor lang tid det vil ta før ein vil ha teke unna trafikken og har normaltider på sambandet, torer ikkje Erikstad å estimere.

Ikkje kø gjennom heile tunnelen

I 16.30-tida får Firda meldingar om at det framleis er store køar på Mannheller-sida. Det blir då rapportert at køen strekker seg langt på utsida av tunnelen på Kaupanger-sida.

Sjølv om køane er store, kan trafikkoperatør Jan Erikstad i Lærdal roe bilistar i køen med at køen ikkje strekker seg heile vegen gjennom tunnelen.

– Det er ein entreprenør som ikkje slepp bilar inn i tunnelen. Ein ønskjer ikkje å ha fleire bilar inne i tunnelen utover oppstillingshallen nedst, grunna tryggleiken, seier Erikstad.

Etter kvart som det blir tømt i andre enden, vil dermed entreprenøren sleppe fleire bilar gjennom på oppsida.

Likevel store køar

At det er store køar trass i nær tom tunnel legg han likevel ikkje skjul på.

– Den gjeldande tida som er sagt med 20 minutts ventetid, er den framleis gjeldande? Eller må ein rekne meir venting enn dette?

– Det har eg ikkje noko godt svar på no. Det er ikkje meldt noko ny ventetid, seier Erikstad, som etter ein sjekk med ferjemannskapet informerer Firda om at reisande i alle fall må rekne med å vente dei tidlegare melde 20 minutta før ein får krysse fjorden.

Han fortel at det ikkje er meldt om køar på Fodnes-sida av ferjesambandet.

Artikkeltags