Rekordmykje spelemidlar til Sogn og Fjordane

MEIR TIL FRILUFTSLIV: Det skal satsar meir på friluftsliv, slik som dagstruhytter, tustiar og vegar. Dette illustrasjonsbildet viser ei dagstruhytte.

MEIR TIL FRILUFTSLIV: Det skal satsar meir på friluftsliv, slik som dagstruhytter, tustiar og vegar. Dette illustrasjonsbildet viser ei dagstruhytte. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SPELEMIDLAR: Fredag 4. mai kunngjorde Kulturdepartementet fordelinga av spelemidlar til idrettsføremål.

DEL

Sogn og Fjordane får tildelt 59.471.000 kroner i spelemidlar. Det er ei auke på ti prosent frå fjoråret og ein større sum enn nokon gong før. Dette skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

– Auken, på seks millionar baserer seg på mange gode søknadar frå både kommunar, lag og organisasjonar, seier Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Spelemidlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping, og går til idretts-, friluftslivs- og nærmiljøanlegg.

Prioriterer meir friluftsliv

Dei vel 59 millionar kronene vil bli fordelt til forskjellig idrett rundt omkring i fylket.

– Vi har nokre føringar i forhold til kva vi prioriterer, i den regionale planen er det lagt inn at det skal fokuserast meir på friluftsliv, slik at det ikkje berre er kunstgrasbaner og liknande som får støtte. No blir det og gjeve mykje støtte til turstiar, vegar og dagsturhytter, seier Skrede.

Auka jamt og trutt

Spelemidlar til Sogn og Fjordane har auka jamt og trutt dei siste åra.

– Det er for så vidt fleire årsaker til det. Men hovudårsaka er nok at heile 64 prosent av overskotet til Norsk Tipping no går til idrettsformål, før var det berre 46 prosent av overskotet som gjekk til dette, seier Skrede.

I tillegg til dette er midlane basert på kor mange idrettsanlegg ein har i forhold til folketal.

– Her ligg Sogn og Fjordane veldig godt an, vi har veldig mange anlegg i forhold til folketal og spreidd på areal, seier Skrede.

Tildelinga av midla skjer i hovudutval for næring og kultur 30. mai.

Les også: Vi søker om mest spelemidlar i landet

Les også: Førde set rekord i tal søknadar om spelemidlar

Les også: Rekord i godkjente spelemiddelsøknadar

Artikkeltags