No kjem endeleg sommarsola tilbake – men berre på snarvisitt

BADEVÊR: Sogn og Fjordane får nokre dagar med sol den komande veka, som nok vil vere til stor glede for mange små og store badeløver. Her frå Hoddevika.

BADEVÊR: Sogn og Fjordane får nokre dagar med sol den komande veka, som nok vil vere til stor glede for mange små og store badeløver. Her frå Hoddevika. Foto:

Gle deg til onsdag og torsdag, då kjem nemleg sola tilbake til Sogn og Fjordane.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Vekas første dag, og for mange kanskje første feriedag – eller jobbdag – etter ferien, starta svært vått.

Både i dag og tysdag vil heile Vestlandet vere prega av bygevêr, som ikkje gir den heilt store sommerkjensla. Heldigvis har StormGeo-meteorolog Henriette Skaret nokre gode nyheiter:

– Frå og med tysdag ettermiddag blir det mindre byer og vi får periodar med sol. Onsdag vil det bygge seg opp eit høgtrykk over store delar av landet som gir mykje fint vêr.

Frå sol til regn

Temperaturane aukar og vil ligge opp mot 20 grader, men vi kan også sjå gradestokken krype mot 25 nokre stader i fjordfylket.

– Torsdag startar bra med sol og gode temperaturar. Vi kan vente oss opp mot 24 grader, men endå varmare kan det også bli nokre stader, lovar Skaret. 

Dessverre tek moroa slutt torsdag kveld. 

– Det er venta eit lågtrykk frå vest som vil komme innover Sør-Norge i løpet av dagen. Det vil nå Sogn og Fjordane seint på kvelden og føre til regn og fallande temperaturar.

Prognosane endrar seg raskt

Lågtrykket set sitt preg på fredagen, men på ettermiddagen vil det bli opplett igjen. Men gleda er kortvarig, for allereie natt til laurdag kjem eit nytt nedbørsområde. Dermed går vi ei våt helg i sikte med kring 15 grader, konstaterer meteorologen, som ser at vêrprognosane endrar seg raskt.

– Den førre prognosen synte opphaldsvêr for heile Vestlandet, medan den nye viser ganske mykje regn. Det er ekstra vanskeleg med slike prognosar om sommaren sidan det er svakare lågtrykkssystem som kjem. Prognosane kan difor endre seg raskt, seier meteorolog Henriette Skaret.

Artikkeltags